Opplev meir av Voss, meir miljøvenleg

Planlegg du ein grønare sommarferie? Då er Voss ein perfekt feriestad. Med utgangspunkt i tog, buss eller gondol, finn du mange fantastiske fjellturar i vår region.

Alle turforslaga her startar med offentleg transport, som gir eit lågare fotavtrykk gjennom heile reisa.

Kvar rute er nøye utvalgt i samarbeid med Voss Utferdslag, for å gi deg eit innblikk i dei varierte Vossafjella. Velg mellom kortare dagsturar i flott landskap, eller legg ut på lengre eventyr til ein av dei mange DNT-hyttene.

Velg ei oppleving som ikkje berre gleder deg, men som også bidreg til at kommande generasjonar kan få liknande opplevingar.
 

Kvanndalsstølen

Sherpatrappene i Kvanndal

På turen til Kvanndalsstølen går du gjennom mange ulike naturområde, frå den frodige skogen i dalbunnen, til høgfjellsterrenget. Turen starter på ferjekaia i Kvanndal, som har god bussforbindelse. Planlegg di reise her (frå Voss Stasjon til Kvanndal ferjekai). Herifrå går du eit lite stykke på grusveg, forbi campingen, og på sti før du kjem til sherpatrappene. Trappene er ein imponerande attraksjon i seg sjølv, men her passerar du også mange fine utsiktspunkt. Det er ein del høgdemeter å ta unna, hugs å ta med vatn. 

Les meir om turen her

Kaldavasshytta

Ugjerdsdalen, Mjølfjell

Ein ypparleg tur for barnefamiliar. Turen startar med å ta toget frå Voss til Upsete stasjon. Herifrå går du i jamn stigning opp til Geitavatnet, som byr på eit forfriskande bad på varme sommardagar. Etter ein god pause og leik ved vatnet, går turen vidare i vakkert høgfjellsterreng til Kaldavatni. Dei to ubetente hyttene finn de eit lite stykke ute på ryggen som skil vatnet i to.

Les meir om turen her

Grindaflethytta

Mjølfjell

Denne perla av ei hytte kan du nå frå alle himmelretningar. Tek du toget kan du gå frå Ljosandbotnen, Upsete eller Flåm. Ruta frå Flåm er ganske tung, med sekk på ryggen, medan dei to andre rutene har mindre stigning og er lettare, spesielt om ein går med tung oppakning.

Les meir om turen her

Nansenbu

Nansenbu

Er du sprek kan du fint nå denne hytta til fots frå Voss sentrum. Du går gjennom Prestegardsmoen forbi Bordalsgjelet og opp til Gjelle på grusveg og noko asfaltveg. Derifrå er det merka sti til Nansenbu. Hytta er ei lita perle som ligg i vilt og urørt høgfjellsterreng på ca 1200moh. Hytta er ubentent og open heile året, den ligg skjerma i den frodige Torfinnsdalen, som også byr på godt fjellaurefiske. Ypparleg som utgangspunkt for turar til alle nutar og fiskevatn på Gråsida.

Les meir om turen her

Dagsturhytta

Dagsturhytta, Voss

Turen til dagsturhytta kan du enten ta til fots frå sentrum, eller starte frå toppen av gondolen (Hangurstoppen). Enten du jaktar høgdemeter eller berre vil nyte er dagturhytta uansett eit flott turmål. Går du frå sentrum må du først gå til Voss Folkemuseum eller Heggjavad, deretter føl du rutebeskrivinga her. Vil du gå frå Hangurstoppen, tek du gondolen frå Voss Stasjon og føl skilta mot Dagsturhytta. 

Les meir om turen her

Lønahorgi

Dame med hund, på veg til Lønahorgi. Hangurstoppen langt unna, i bakgrunnen.

Frå Lønahorgi (1410 moh) er det spektakulær utsikt. Her kan du sjå fire isbrear; Fresvikbreen, Hardangerjøkulen, Vossaskavlen og Folgefonna. Startar du turen med å ta gondolen frå Voss Sentrum til Hangurstoppen treng du ikkje bil. Frå Hangurstoppen føl du T-merka sti og skilta mot Lønahorgi.

Les meir om turen her

 Fjellturer på Voss 

Treng du meir inspirasjon?

 

Tips til badeplassar

På Voss finn du både badestrand, innsjøar, fjord og fjellvatn.

bading på voss

 

Topp 5 familieaktivitetar

Finn din favoritt blant våre anbefalingar. 

jente på hangurshusko med utsikt over Voss

Sykling

Ein oversikt for stisykling, landevegssykling og downhill.

landevegssykkel voss