Destinasjon Voss AS har ansvar for å vidareformidle bestillinga di til leverandør, som er ansvarleg for gjennomføring av aktivitet, utleige eller leveranse av overnatting i tråd med di bestilling. Vi sørger for at du får informasjon før ankomstdato, og våre leverandørar tar kontakt med deg dersom det oppstår vesentlege endringar eller kansellering som angår di bestilling. Avtalen kan gjelde booking av overnatting og aktivitet, eller kjøp av andre produkt og tenester, eller ein kombinasjon av desse.
Våre bestillingsvilkår er lik for alle produkt som vert kjøpt gjennom Destinasjon Voss AS.
Dersom du har behov for å kontakte oss før, under eller etter ankomstdato er vi tilgjengeleg alle dagar 09.00-16.00. Vi kan kontaktast via telefon (+47) 406 177 00 eller e-post [email protected] .
Bestillingsvilkår
Din bestilling er stadfesta når du mottar stadfesting med reservasjonsnummer. Vi anbefaler alle våre gjester å skrive ut stadfestinga og ta denne med til oppmøtestaden. Du må være minst 18 år for å gjere ein bestilling gjennom Destinasjon Voss AS. For å gjere ein bestilling av hytter og leilegheiter må du vere minst 23 år.
Betaling og tryggleik
Du skal betale 100 % ved bestilling via www.visitvoss.no.
Du må ta med deg kvitteringa ved ankomst. 3D Secure er aktivert for websida.
Betaling skjer når bestilling vert gjennomført. Destinasjon Voss AS er ansvarleg for sjølve transaksjonen, og at korrekt beløp vert trekt frå din konto. Oppstår det problem med ditt kredittkort, vil vi ta kontakt med deg. Oppnår vi ikkje kontakt, vil bestillinga bli kansellert. Dersom betalinga ikkje vart fullført frå di side, vil det ikkje bli oppretta nokon bestilling.
Alle personlege opplysningar vert gitt på ei kryptert side (SSL 128 bit) der det er sikkert å gje opp opplysningar om deg sjølv og ditt kredittkort. Berre Destinasjon Voss AS og leverandør av det produktet du har bestilt vil ha tilgang til ditt namn og din kontaktinformasjon. Denne informasjonen vil bli brukt for booking-handtering (endring/kansellering av booking) og kan bli brukt i ulike marknadsundersøkingar.
Avbestilling/endringar frå deg
For å avbestille eller endre di bestilling, må du ta direkte kontakt med oss i Destinasjon Voss AS. Avbestilling vert gjort ved å kontakte [email protected] .
Dersom avbestillinga vert gjennomført mindre enn 7 dagar før ankomst ber vi om at du kontaktar både leverandøren og Destinasjon Voss AS. Destinasjon Voss AS har ingen kontroll over den valutakursen som vil bli berekna for refusjon til kredittkort og kan ikkje ta ansvar for eventuelle tap grunna valutakurs. Vi gjer merksam på at Destinasjon Voss AS ikkje betaler eventuelle kostnader for internasjonal bankoverføring. Gebyret vert dekka av refusjonsbeløpet (Om lag NOK 50 ved bruk av internasjonal bankoverføring).
Særskilte avbestillingsvilkår pga covid-19
Myrkdalen Fjellandsby – avbestillingsvilkår etter 13. november 2020:
Om avbestillinga finn stad 20 dagar eller tidlegare før ankomst, betalar Myrkdalen Fjellandsby AS tilbake 100 % av innbetalt beløp. Ein eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.
Om avbestillinga finn stad mellom 19 dagar og 10 dagar før ankomst, betalar Myrkdalen Fjellandsby AS tilbake 50 % av innbetalt beløp. Ein eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.
Dersom avbestilling skjer mindre enn 10 dagar før ankomst vert beløpet ikkje refundert.
Voss Resort – avbestillingsvilkår fram til 30. november 2020:
Om avbestillinga finn stad 3 dagar eller tidlegare før ankomst, betalar Voss Resort tilbake 100 % av innbetalt beløp. Endring av bestilling er utan kostnad.
Voss Resort – avbestillingsvilkår etter 1. desember 2020:
Om avbestillinga finn stad 20 dagar eller tidlegare før ankomst, betalar Voss Resort tilbake 100 % av innbetalt beløp. Ein eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.
Om avbestillinga finn stad mellom 19 dagar og 10 dagar før ankomst, betalar Voss Resort tilbake 50 % av innbetalt beløp. Ein eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.
Dersom avbestilling skjer mindre enn 10 dagar før ankomst vert beløpet ikkje refundert.
Avbestillingsvilkår for booking av andre aktivitetar, overnatting eller arrangement:
- avbestilling kan gjerast fram til 30 dagar før aktiviteten startar med 100% refusjon
- avbestilling 30 dagar før, eller seinare gjev ingen refusjon
Enkelte av våre leverandørar og samarbeidspartnarar har andre avbestillingsvilkår i tillegg til våre. I desse tilfella vil du få opplyst eigne reglement når du bestiller.
Eigne vilkår for booking av overnatting
- Innsjekk og utsjekk:
Overnattingsstaden står til din disposisjon frå kl. 16.00 på ankomstdag. På avreisedagen må du forlata rommet seinast kl. 11.00. Rommet er reservert for ankomst seinast kl. 18.00. Kjem du seinare, må du varsle overnattingsstaden på førehand
- Ansvar for skade:
Gjesten, eller den som står som garantist for rommet/leilegheita/hytta, er ansvarleg for skade på lokale som følgje av manglande aktsemd eller uforsvarleg oppførsel av gjestane.
- Forsikring/avbestillingstryggleik:
Vi anbefaler alle våre kundar til sjølv å sørge for gode forsikringsavtalar før reisa, som dekkjer tilfelle som sjukdom, reisegods, ulykke, ansvar og liknande.
Våre leverandørar
Vi er ansvarlege for at våre leverandørar får betalt for det du har bestilt gjennom oss. Våre leverandørar er ansvarlege for kvar sin del av ditt program, herunder fullstendige forsikringar, løyver, utstyr, bemanning osv., som samsvarar med dei til ei kvar tid gjeldande lover og reglar som gjeld for leverandøren.
Kanselleringar/vesentlege endringar frå vår side
Kanselleringar/vesentlege endringar kan førekomme når:
- forhold som vi eller leverandør ikkje rår over; f. eks. vêrforhold, havari, arbeidskonfliktar, osv.
- at vilkår ikkje er oppfylt, f. eks. atterhald om minimum tal deltakarar.
Dersom slik kansellering/vesentleg endring skjer, og du ikkje aksepterer det eventuelle alternative tilbodet du får av leverandør på staden, tilbakebetalar vi 100%. For å kunne gje deg ein best mogleg oppleving, tar vi likevel atterhald for retten til å foreta mindre justeringar i turopplegg. Slike justeringar kan førekomme f.eks. grunna ver- og føreforhold.
Destinasjon Voss AS har ingen kontroll over den valutakursen som vil bli brukt for refusjon til kredittkort og kan ikkje ta ansvar for eventuelle tap av midlar. Vi gjer merksam på at Destinasjon Voss as ikkje betalar eventuelle kostnader for internasjonal bankoverføring. Gebyr vert dekka av refusjonssummen. Destinasjon Voss AS står ikkje ansvarleg for evt. forseinkingar av refusjonsbeløpet.
Grupper
Ta kontakt med oss per telefon eller e-post dersom de ønskjer å bestille for større grupper.
Prisgrupper
Leverandøren avgjer prisnivået og aldersgrensa for barn- og ungdomspris.
Studentpris:
- gjeld kun med gyldig studentkort
Pensjonist-/honnørrabatt:
- gjeld for gjester fylt 67 år og eldre, med gyldig honnørkort. Nødvendig dokumentasjon må visast fram ved ankomst.
Reklamasjonar
Vi gjer merksam på at ved eventuelle reklamasjonar eller andre merknader knytt til det einskilde arrangement for leverandør, må rettast direkte til leverandøren det gjeld. Destinasjon Voss AS har ikkje noko ansvar knytt til det einskilde produkt. Destinasjon Voss AS har berre ansvar for å vidareformidle din bestilling til leverandør, som er ansvarleg for gjennomføring av aktivitet, leveranse av overnatting eller utleige av utstyr i samsvar med di bestilling. Det er leverandøren som skal sørge for at både tryggleik og leveransen av produktet samsvarar med beskrivelsen.
Vi ønskjer deg velkommen til Voss og håpar du får eit opphald med sterke opplevingar og gode minne!