SPISEGUIDE
En guide til restauranter og kafeer på Voss
Elva Restaurant
Elva Restaurant, tilknytt Elva Hotel er ein fine dining restaurant med fokus på gode matopplevingar. Kvar laurdag serverar dei ein 7 rettars smaksmeny, med eit utval av mindre rettar, hovudrettar og dessert. Sundag til fredag får du 3 rettars, med val mellom standard, vegetar eller pescetarisk meny. Du kan også besøka deira kafé og bar Elvatun. Stilen her er i kontast til den moderne resturanten, med tradisjonell gammalnorsk tømmerveggar og grov skifer frå lokale skogar og berg.
Flor’n restaurant
Ein av dei beste på lokal og kortreist mat er Store Ringheim. Dei haustar mykje av maten sjølv, både på garden, i skogen og på fjellet. Lokale jegerar forsyner dei med viltkjøt. Menyen vert ofta rullert, alt etter kva råvarer dei har tilgjengeleg. Dei serverar sjølvsagt lokal drykk også.
Flor’n er del av Store Ringheim hotell og restaurant og ligg litt utanfor sentrum. Om ikkje du bur på hotellet kan du bestilla taxi frå Voss Taxi. Om sommaren kan den 30 min lange gå-turen tilbake til sentrum vera ein veldig fin avslutning på kvelden.
Restaurant Elysée
Elysee er staden for feiringar og betre måltid. Det internasjonale kjøkkenet har fokus på lokale råvarer og i tillegg kan dei by på ein av verdas beste vinkart. Bestill gjerne direkte frå Park og la kjøkkenet og deira vindirektør bestemme menyen.
Restaurant Elysée finn du på Park Hotell Vossevangen, i Voss sentrum (i Uttrågata 1).
Restaurant Nuten
Maten som blir servert i Restaurant Nuten skal smaka som landskapet - vilt og reint og med innslag av friske overraskingar. Difor består menyen av kortreiste kvalitetsråvarer. Her får du ein nydeleg 3-rettar middag laga av kortreiste råvarer. På drikkekartet finn du utvalde vinar, lokalt øl, sider og alkoholfri drikke.
Restaurant Nuten finn du i Myrkdalen Hotell.
Fjellstova Vetlebotn
Her er det tradisjonsmat basert på kortreiste råvarer som er i fokus. Rettane er laga av reine ingrediensar frå regionen, og du får både enklare rettar som pølse frå Vossakjøt i brød og lapskaus frå Haugen Gardsmat til fullverdige middagsrettar (både med og utan kjøt). Fjellstova er innreda slik at ho hyllar den lange historia for stølsdrift i Myrkdalen.
Du finn Vetlebotn midt i skianlegget i Myrkdalen, like ved Kari Traa-trekket.
Tunet i Myrkdalen
Tunet er ein suveren, italiensk pizzarestaurant midt i ei fjellbygd. Pizzaen er bakt i steinomn og er sjølvsagt toppa med lokale råvarer. Dei har også á la carte på menyen og søte dessertar. Her kan du eta lunsj og middag kvar dag, heile året.
Tunet er ein del av Myrkdalen Hotel. Du treng ikkje heiskort for å kom hit, så dette er også ein fin plass å ete om du har vore på ski- eller fjelltur på Vikafjellet eller på langrenn i Årmotslia.
Ringheim Kafe
Ringheim kafe har både kaker og kaffi og varme og kalde rettar. Ringheim kafé har hatt gjesten i fokus sidan midten av 50 tallet. Dei nyttar kun dei beste råvarer for å laga god kvalitetsmat og tilbyr alltid dagens suppe og dagens middag. Kaféen er ein fast møteplass for mange Vossingar. Dei har eigen barnekrok for dei minste og om sommaren kan ein sitte ute på gateplan.
Ringheim Kafe finn du Vangsgata.
Vangen Cafe

I moderne lokale er det lagt til rette for avslappa stemning og komfort. Her får du tradisjonelle rettar og fristende kaker, laga frå botnen av. Kjøtet kjem frå lokale gardar på Voss, baksten frå Vossabakst borti gata og fersk fisk frå Bergen.
På Vangen Cafe kan du fint spise både lunsj og middag, eller berre ta ein kaffi. Du kan komma her både i finstasen og i skikleda.
Vangen Cafe ligg midt i Vangsgata.
Skrot Kafé og Bar
Skrot er eit liten smak av byen, på bygda. Lokalet har eit hipt og særeiget preg. Her kan du både sitte i baren og slå av ein prat med dei trivelege eigarane eller slå deg ned ved dei store vindauga og sjå på folk som går fordi utanfor.
På dagtid serverar Skrot enkel mat som smørbrød og gulrotkake. Dei har også te, kaffi og berømte milkshakes. Du finn Skrot i starten av Vangsgata, like ved torget.
Haik på Scandic

På kveldstid er kolgrillen på Scandic midtpunktet. På Haik får du kortreiste smaksopplevingar og avslappande stemningen. Etter middag kan du spela shuffleboard eller sjakk og nyta god drikke frå baren. På fine dagar er den store uteserveringa svært ettertrakta. Her har du utsikt mot Vangsvatnet og Gråsida. Baren er inspirert av den gamle gondolen «Dinglo og Danglo».
Scandic Voss finn du like ved togstasjonen og Voss Gondol sin nedre stasjon.









