Voss – eit reisemål for alle
Eit felles mål for Voss som destinasjon er at bygda og aktivitetane skal vera tilgjengeleg for alle. Ekstremsportbygda Voss betyr gode følelsar, adrenalinkick og meistring. Alle skal ha muligheten til å kjenne på desse følelsane og på Voss vil me strekke oss ekstra langt for å legge til rette for nettopp deg. Alle kan fly! Alle kan rafte! Alle kan hoppe fallskjerm! Kva vil du prøve i sommar?
Dei fleste overnattingsplassar har universell utforming og dei fleste aktivitetsleverandørane kan tilrettelegge aktivitetane sine, også for deg med nedsett funksjonsevne. Dette gjelder både:
• Personer med synshemming
• Personer med bevegelseshemming
• Personer med hørselshemming
• Personer med utviklingshemming
• Personer med psykososiale funksjonsnedsettelser
Aktivitetar:
Bedrifter på Voss og aktiviteter dei har, som dei kan tilpasse deg og dine behov.
- Voss Bowling: Rullestolrampe opp til bowlingbaner og romslige lokaler.
Tilbyr også grupper å leie hele lokalet for lukkete arrangement. - Voss Vind: Vindtunnel
- Outdoor Norway: Tandem kajakk, elvekano, havkajakk
- Voss Gondol: Gondol, Hangurstoppen Restaurant, panoramaløypa
- Voss Active: Rafting
- Myrkdalen: Myrkdalen Skiskule
- Voss Fallskjermklubb: Tandem fallskjermhopp
- Ekstremsportveko
- Voss Folkemuseum: Stor heis så alle kjem seg opp til utstillinga i 2. etasje
Ikkje mogeleg å komme inn i dei gamle husa på mølstertunet med rullestol.
Dette seier bedriftene om korleis dei kan legge til rette for deg med nedsatt funksjonsevne:
VossVind
Video: Møt Catho Pettersbakken. Ein flygar verkeleg utan grenser, som i 2002 vart utsatt for ei motorsykkelulykke.
Vi legg til rette for dei fleste funksjonsutfordringar. Vi har hatt svaksynte, blinde, og døve som har flydd med oss.
Tidlegare pasientar med kreft og MS som har godt nok overskot og god dagsform har vore å flydd.
Vi har hatt besøk av folk med proteser/amputasjoner i tillegg til ein heil del andre nedsette funksjonsevner. Dersom det er personar med større utfordringer assisterer vi gjerne med to instruktører for å kunne gje dei ein smakebit av å fly vektlaust.
Vi ber alle med skulder, nakke og ryggskade ta kontakt med oss. I hovedsak er det personer som har hatt skulder ut av ledd og problemer med det som blir frabedt å fly, då desse enkelt kan gå ut på nytt (grunna posisjonen ein ligger i).
Voss Gondol/Voss Resort
Både gondolen, Hangurstoppen Restaurant og panoramaløypa (om sommaren) er tilrettelagt for dei med rullestol.
Gondolbygget er tilrettelagt med eigen rullestolinngang og heis, samt at me har fjerna midtrabatten i alle dei gule kabinane for å skape ekstra stor golvplass i desse. Me kan redusere fart ved på- og avstiging ved behov.
På Hangurstoppen er det eigen inngang mot restaurant for dei med rullestol. Inne er det heis, HC-toalett og stor plass til stol inne i sjølve restaurantlokale. Ein kan og få tilgang til messanin og møterom med heis.
Panoramaløypa er utforma slik at ein både kan trille og køyre rullestol her. Ca. 1 km, med flotte utsiktspunkt undervegs.
Outdoor Norway
Tandem kajakk med Outdoor Norway
Basen til Outdoor Norway, som ligg ved Vangsvatnet, er tilgjengeleg for alle både med og utan rullestol. Følgande produkt er enkle å legge til rette for dei fleste: tandem elvekajakk, elve kano, havkajakk guida tur. For mange vil det også vera mogeleg å delta på guida MTB tur og guida SUP tur (padlebrett)
Myrkdalen Skiskule
Peter Nilsson på sitski i Myrkdalen
Skiskulen tilbyr undervisning på sit ski og/eller som ledsager til sitski. Jill Garen, dagleg leiar for skiskulen, har personleg undervist mange bein amputerte til å stå på ski, og har utdanna to stykker til profesjonelle skilærarar på nest høgaste høgste nivå.
I tillegg underviser og tilrettelegg me for både svaksynte og blinde, og elles har me ingen begrensninger på kven som kan stå på ski, snowboard eller langrenn og dei kan mangle både armar, bein, hørsel og syn eller dei kan ha andre utfordringar - me fiksar det.
Ekstremsportveko
Alle kan hoppe i fallskjerm! Video frå Ekstremsportveko 2019.
Ta kontakt med oss i god tid og fortell litt om kva du har lyst til å prøve og kva utfordringar du har, så skal vi prøve så godt vi kan å lage eit tilrettelagt opplegg for deg. Vi trenger litt tid på oss for å sette dei riktige folkene på saka og finne ut kva som er mogleg å få gjennomført. Det finnes ikkje eit enkelt svar på kva vi får til og ikkje. Vi har eit godt nettverk av dyktige folk, så det er ganske mykje som vi kan få til om vi får tid på oss.
Voss Fallskjermklubb
Vi har gjennomført fleire tandem fallskjermhopp der eleven har ulike funksjonsnedsettelser dei siste åra. Vi har gode erfaringer med dette, så lenge kommunikasjonen er tydelig i forkant.
Voss Fallskjermklubb må søke om godkjennelse frå fallskjermforbundet om å gjennomføre tandemhoppet, så det er viktig at dialogen starter i god tid før planlagt hopp.
Alle situasjoner er forskjellige så det varierer fra gong til gong, og det blir derfor gjort ei individuell vurdering. I forkant trenger vi då å få vite tandemelevens begrensninger og utfordringer med for eksempel begrenset bevegelse/lammelser/styrke i armer og bein, og også om eleven har utfordringer med for eksempel spasmer og liknende.
Det blir gitt instrukser for trygg gjennomføring av tandemhoppet på hoppdagen, og då trenger vi også å vite i forkant om tandemeleven har utfordringer med å kommunisere/ta i mot instruksjon på både norsk og engelsk (dei fleste av våre tandeminstruktører har ikkje norsk som morsmål).
Når vi har snakket sammen om dette, sender vi søknad til fallskjermforbundet, og vil få et svar ikke veldig lenge etter, hvorpå vi kontakter dere.
Om ikkje du finn akkurat di utfordring i denne oversikten er det berre å ta kontakt med den aktivitetsleverandøren du ynskjer å besøke. Her er mogelegheitane mange og viljen stor!
Les også: Lokalmat frå Voss, på Voss
Overnattingsplassar og korleis dei tilrettelegg:
Scandic Voss:
- Rom for funksjonshemmede
- Dyrevennlige rom
- Allergivennlige rom
Voss Hostel (Voss Vandrarheim):
- Tilpasset rullestolbrukere
Voss Resort Bavallstunet:
- Rullestolvennlig
Andre:
Hotel Fleicher's: rullestolvennlig
Park Hotel Vossevangen: rullestolvennlig