Attraksjonar på Voss

Utforsk mangfaldet av natur og kultur, på Voss. Vil du djukdykka i historia vår, kan du lesa om Voss gjennom tidene i denne artikkelen: Voss - ei mangfaldig bygd.

Voss sine attraksjonar ligg for dine føter. Natur, kultur, historiske bygningar eller moderne opplevingar; kva vil du utforska først?

view from the gondola
Voss Gondol | Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media

familie på voss folkemuseum
Voss folkemuseum | Foto Visit Voss

Bordalsgjelet gorge
Bordalsgjelet | Foto Svein Ulvund

Kulturattraksjonar 

Voss har også ei rik kulturhistorie - og den er heldigvis godt ivareteken. På Finnesloftet, som er den eldste profane trebygninga i Noreg, kan du oppleva ein gildesal frå middelalderen - år 1295! Eitt besøk i Vangskyrkja frå år 1277 er også å anbefala. På Voss folkemuseum på Mølstertunet står klyngetunet akkurat slik det gjorde då folk budde her og dreiv gardsbruk for fleire hundre år sidan. Eit fantastisk innblikk i historia vår!

Museum, galleri og utstillingar i Vossaregionen finn du her:

Bergslitræet - museum, kafé og butikk

Bergslitreet

Bergslitræet er eit lite museum i Prestegardsmoen, om kunstmålar Knud Bergslien og bilethoggar Brynjulf Bergslien (bror). Har du sett Karl Johan statuen framfor slottet? Den er laga av Brynjulf Bergslien! Bergslitreet er ein del av Bergsliløypa - og har museum, kafé og museumsbutikk.

Sesong:
Sundagsope kl 13:00 - 16:00, juni til medio september, gratis inngang

Hedleberget

Hedleberget

Hedleberget er eit skiferbrot fylt med historie, i spektakulære omgjevnader. Du kan utforske skiferbrotet på eigen hand, langs den nydelege kulturstien, du kan få omvisning frå interessegruppa eller du kan ta turen når det vert arrangert konsertar her (om sommaren).

 

 

Her finn du dei ulike serverdighetane:
 

Guida turar

Mange aktørar på Voss tilbyr guida turar rundtom i bygda. Dette er ein fin måte å lære litt om plassen ein besøkar.
Vi har også mange museum og utstillingar i bygda som er verdt eit besøkt. 

Ta ein kikk i albumet under eller gå direkte til bookingen her: Bestill Sommar

Finnesloftet