Visit Voss (tidlegare Destinasjon Voss AS) har tradisjonelt vore eit reisemåls- og utviklingsselskap. Januar 2021 fusjonerte selskapet med Næringshagen på Voss, og januar 2022 vart også Næringshagen i Hardanger ein del av selskapet. Soleis er Visit Voss no ei reiselivsavdeling i eit større næringsutviklingsselskap på Voss. Handelsstandsorganisasjonen Voss Sentrum er også ein del av dette samarbeidet. Saman er me eit kraftfullt fellesskap, med 14 faste tilsette med breitt samansett kompetanse og bakgrunn, samt ei handfull flinke turistvertar i turistinformasjonen.
Hovudoppgåvene til Visit Voss er å koordinere og marknadsføre reiselivet på Voss, samt arbeide med prosjektutvikling innan reiseliv.
Voss har ein ambisiøs plan for reiselivet. Med ein sentral plassering i Fjord Norge, og stor satsing på å vidareutvikle produktportefølja, er målet å vere det leiande heilårsreisemålet i Noreg. Februar 2022 vart ny reiselivsstrategi for Voss endeleg vedteke i heradsstyret, etter ein lang prosess kor Voss herad og Visit Voss har samarbeida tett om utarbeidinga av ny strategi.
På nyåret 2019 starta Voss prosessen med å verta sertifisert som eit berekraftig reisemål. Innovasjon Norge tildelte Voss «Merket for berekraftig reisemål» juni 2021. Du kan lesa meir om prosessen her.
44 verksemder på Voss er medlem av Visit Voss. Sjå lista over medlemmer her (Ny liste!).
Visit Voss gjer ein felles innsats for å bygge merkevara «Voss» og å løfte fram Voss som destinasjon. Visit Voss jobbar med dei områda som er vanskeleg for kvar enkelt bedrift å finne tid til.
Fokusområde no er å auke besøk i skuldersesongen, få besøkande til å bli lenger og å nytte seg av fleire kultur- og aktivitetstilbod i bygda. Les meir om fordelane ved å vera medlem her.
Kontaktinformasjon Visit Voss:
Telefon: 406 17 700
E-post: [email protected]
Besøksadresse: Evangervegen 3, 5704 Voss
Postadresse: Evangervegen 3, 5704 Voss
Tilsette
Gry Bystøl
Leiar Visit Voss
E-post: [email protected]
Tlf: 97 16 84 11
Peder Hagelund
Leiar Voss Turistinformasjon
E-post: [email protected]
Tlf: +47 902 53 709
Benedicte Kragh
Marknadssjef
E-post: [email protected]
Tlf: 48 24 61 37
Åsmund Aarsand
Digital markedsførar
E-post: [email protected]
Tlf: 95 25 12 01