Foto:
Outdoor Norway
Sykling på Liaset
Foto:
Outdoor Norway
Sykling i Storåsen
Foto:
Fri Flyt
Nesheimstunet

Sykling på Voss

Voss er eit eldorado for dei som trivst på to hjul, og har mange varierte moglegheiter for tursyklistar, landevegssyklistar og stisykling

Med utgangspunkt i Voss sentrum får du tilgang til ei rekkje varierte og lett tilgjengelege sykkelruter for tursykling og landevegssykling. Du kan sykla frå fjell til fjord i spektakulær natur, lengre landevegsetappar der ein får idylliske vatn og flotte fossar, eller kortare og familievenlege turar. På turistinformasjonen i Voss Gondol kan du leiga sykkel, kjøpa kart, og få tips om dei beste sykkelturane.

Voss har også mange stiar og grusvegar som egnar seg godt for stisykling. Tilrettelegginga for stisykling i bygda er under stadig utvikling, Myrkdalen satsar til dømes stort på dette. Du kan ta med deg sykkelen opp i Voss Gondol å utforska stiane på Hangurstoppen. Panoramaløypa er perfekt for familiar eller ein kan sykle tilbake til sentrum via Bavallen. Vil du oppleve dei skjulte perlene i bygda anbefalar me ein guida tur med Outdoor Norway eller Bike The Fjords!

Like ved Myrkdalen Hotel finn du ein 850 kvm pumptrack i asfalt. Pumptrack er ein kompakt bane som består av ulike formasjonar, kular og svingar. I pumptracken kan ein bruka alt frå skateboard, sparkesykkel, tre-hjul sykkel og vanleg sykkel. Kjekt for både store og små! 

Det er veldig god øving å sykla pumptrack. Ein kan lære seg korleis ein posisjonerer seg på sykkelen. Det er kjekk kunnskap å ta med seg ut på naturlege stiar. For tips om sykkelteknikkar anbefaler me å følge Joars sykkelskule. Pumptracken er ope kvar dag i sumar og haustsesongen og den er gratis å bruke for alle. Myrkdalen Sport&Skiutleige har eit godt utval av terrengsyklar til leige. 

Fem fine turar med landevegssykkel

Nesheimstunet Foto. Magnus Furset, Fjord Norway
Nesheimstunet Foto. Magnus Furset, Fjord Norway

Guida turar og utleige:

<% totalFilter %> filter applicerade
Youtube video image

Sykkelutleige:

<% totalFilter %> filter applicerade