Kultur og attraksjonar i vinter

Voss er ein plass der natur og kultur møtes, og kvar årstid har sin eigen sjarm. Om vinteren finn du mange tilbod som kombinerer historiske opplevingar og lokale smakar. Kjem du midt i veka, kan du utforska alt dette i ro og mak, utan store folkemengder. Med toget til Voss og overnatting og aktivitetar berre ein kort tur unna togstasjonen, er det enkelt å oppleva vinteren på Voss.

eldhusoppleving, eldhuset dale

eldhusoppleving, eldhuset dale

Forslag til kva du kan oppleva på Voss, i vinter:

Voss Folkemuseum og Mølstertunet

Voss Folkemuseum kan du reisa tilbake i tid og oppleva eit autentisk klyngetun frå 1500-talet - Mølstertunet. Dei tradisjonelle bygningane gjev eit autentisk innblikk i byggeskikk og levemåte i eldre tid. Tunet ligg med vakker utsikt over Voss sentrum. Inne finn du utstillinga Utsyn mot Voss, som er ei forteljing om korleis bygda har utvikla seg dei siste 500 åra. I utstillinga møter du mange enkeltpersonar som har prega lokalsamfunnet gjennom desse åra, du kan høyra opptak frå mange av dei beste musikarane frå bygda, og sjå filmar frå utviklinga av ekstremsporten.

Voss Fellesbryggeri

ølsmakinga får du høyra om korleis me lagar øl, sider og sterkare saker. Du får også innblikk i ølets historie, spesielt i Norge, og urgjæren kveik. Dette er ein hyggeleg aktivitet, enten du er heimebryggar sjølv eller berre set pris på eit godt glas.

Eldhuset Dale

Ei elhusoppleving er ei lita pause frå verda utanfor dei gamle treveggene. Den opne elden kan ein sjå på i timesvis. I Eldhuset dale er det rigga med benker og stolar rundt ein 100 år gamle kjele. Dekorative gjenstandar tek deg tilbake til ei anna tid og i taket heng det stemningsfulle lys. Til og med på ein grå vestlandsdag er stemninga i eldhuset lun og varm.

Eldhusopplevinga er ein kortversjon av kurs i heimabrygging.
Her får du oppleva trekking av einerlåg, som er ein sentral del i brygging av tradisjonsøl. 

<% totalFilter %> filter applicerade

Underhaldning og konsertar

Voss har eit variert program av konsertar og arrangement i heile året. Her kan du dra på mindre intimkonsertar, større show og festivalar som Vossa Jazz. Sjekk arrangementskalenderen for datoar og detaljar.

Kulturopplevingar og handverk

Er du nysgjerrig på historia vår? Kurs og omvisingar er veldig populære aktivitetar, då fleire og fleire vert interessert i kulturarven vår. 
Voss Kunst og Kultur tilbyr kurs i keramikk, smedarbeid og trearbeid for grupper. Ei fin oppleving der du både vil læra nye ferdigheiter, samtidig som du kan skapa noko unikt med dine eigne hender.

Ved Hedleberget på Voss kan du få innsikt i industrihistoria vår. Her dreiv dei skiferbrudd i mange år og interessegruppa for Hedleberget held liv i historia gjennom omvisning, arrangement og demonstrasjonar. 

Lokalmatopplevingar

Voss er kjend for sine rike mattradisjonar. Besøk eit gardsutsal eller nyt eit måltid basert på lokale råvarer på ein av dei mange restaurantane i bygda. Dette er ein smakfull måte å bli kjent med Voss på.

Ein roleg og inspirerande vinter på Voss

Voss er ein plass der du kan kombinera natur, kultur og gode opplevingar – alt i eit tempo som passar deg. Toget stoppar omtrent midt i sentrum, så det er lett å koma seg rundt utan bil.

Kanskje er det i vinter du skal oppdaga kva Voss har å by på?