Foto:
Åsmund Aarsand
Utsikt over Voss
Foto:
Åsmund Aarsand
Voss Gondol på Hangurstoppen, Voss
Foto:
Alex Baker
Tandem fallskjerm, Voss
Foto:
Kjartan Haugen
Tur til Oksen, Voss
Foto:
Åsmund Aarsand
Rafting Voss
Foto:
Voss Active
Voss Klatrepark, Voss
Foto:
Åsmund Aarsand
På veg mot Kiellandsbu

Kvifor Voss?

Voss har blitt verdskjend gjennom festivalar som Ekstremsportveko og Vossa Jazz, gjennom våre mange OL-vinnarar og skiheltar, og for vår fantastiske natur.

På Voss kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping og paragliding til rafting, saman med erfarne guidar. Fjellturar er også veldig populært. Voss er omkransa av fjell og med gondolen er fjellet også tilgjengeleg for dei yngste og eldste, og dei med nedsett funksjonsevne.

Sjå alle sommaropplevingar her. 

Om vinteren vert Voss forvandla til eit vintereldorado der du kan boltra deg i tre ulike skianlegg, kilometervis med slalom- og langrennsløyper. Den flotte fjellheimen vår er også blitt svært populær for randonee og toppturar.

Sjå våre vinteropplevingar her. 

Bygda vår, som ligg i hjartet av Fjord-Noreg, er full av ekstreme kontrastar, historiekultur og spennande attraksjonar

Treng du ein fullstendig guide over bygda? Sjå her: Den Store Vossaguiden

map

kart over fjord norge regionene, med Voss uthevet

Youtube video image

Festivalbygda

Vil du besøka oss når det verkeleg er liv i bygda - då bør du koma til ein av dei store festivalane. Bli kjend med Voss, slik resten av verda kjenner oss!

Sjå meir her: Kva skjer på Voss?

<% totalFilter %> filter applicerade

Sertifiserte bedrifter!

Desse bedriftene har gjort ein ekstra innsats og fått miljøfyrtårnsertifisering.

<% totalFilter %> filter applicerade

map

Kven er me?

Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, med ein arm i Hardangerfjorden og midt mellom Bergen og Sognefjorden. Her er knutepunkt for buss og tog, og E16, Rv13 og Bergensbanen går igjennom kommunesenteret Vossevangen.

Bygda har servert natur- og kulturopplevingar i verdsklasse i fleire hundre år, og brukar lokal kultur, tradisjon og idrett som ein viktig del av tilbodet til alle som kjem hit.

Voss herad har om lag 15.500 innbyggjarar, og reiselivet er den viktigaste næringa. Jordbruk og skogbruk har lange tradisjonar i heile området, og er framleis viktige.

Kultur og idrett har alltid hatt ein stor plass i lokalsamfunnet. Voss er kjend for å ha fostra nokon av landets største idrettsutøvarar, som Kari Traa, Lars Bystøl, Eirik Kvalfoss, Egil Gjelland, Kristen Skjeldal og Sjur Røthe. Med totalt 98 VM- og OL-medlaljar har Voss som bygd ein medaljetetthet som manglar sidestykke i verda!

Voss Turistinformasjon

Turistinformasjonen på Voss finn du på gatenivå ved Voss Stasjon.

Opningstider finn du her

Voss Turistinformasjon

 

Følg oss!

          

Youtube video image

Voss energi

 

Voss energi

 

Vil du annonsera her? Kontakt oss på [email protected]