Workation på Voss
Å kominere jobb og ferie er ein unik måte å oppleve nye plasser på og som gir stor fleksibilitet. Vi kan reise meir utenom høgsesongen. Det er også ein bærekraftig gevinst om ein blir lengre på same plass og utnytter meir av tilbudet på ein destinasjon, kanskje ei langhelg blir ei veke?
På Voss ligg alt til rette for at du skal få ta del i den nye trenden "Workation" enten du reiser aleine, med familien eller tar med deg heile teamet.
3 gode grunner til å ta workation på Voss
Dei fleste er vane med å jobbe digitalt. Det ein treng no er arbeidsro, inspirasjon og ein enkel måte å kombinere desse på. Det får du på workation på Voss:
- Det er svært kort veg til opplevingane. Frå april til oktober er dei fleste aktiviteter opne på Voss. Kva med eit fallskjermhopp mellom møtene?
- Du kan ta med heile familien og samtidig få arbeidsro. Både Scandic Voss og Myrkdalen tilbyr workation pakker der ein kan bestille eige hotell- eller møterom til å jobbe.
- På Voss kan du skreddersy din eigen workation med ei blanding av aktiviteter som passer enten du reiser aleine eller sammen med andre. Nye opplevingar gir inspirasjon både faglig og privat!
Aktivitetar du må prøve på Voss:
Derfor er Voss det perfekte reisemålet for workation!
Ein god workation bør inkludere nye opplevingar, ha gode tilrettelagte arbeidsforhold og skape arbeidsro. På Voss får du alt dette og meire til.
Å byte ut kontor eller heimekontor med bortekontor nokre dagar vil gi deg nye idéar, meir arbeidslyst og motivasjon i kvardagen.
Om du kan reise midt i veka er det ofte gode tilbod på både overnatting og aktivitetar.
Opplevelsene på Voss står i kø. Mange aktiviteter og attraksjoner ligg i nærheten av sentrum så her er det til og med mulig å utnytte lunsjpausen. Du kan faktisk ta toget til Voss og jobbe på reisen. Dei fleste leverandørane tilbyr henting i sentrum. Vil du utforske bygda på eigenhånd kan du leige deg ein elsykkel gjennom Vossa Bike. Du kan også delta på ulike kurs, då kan du bruke dagen til aktivitetar og kvelden til å jobbe, men dette er heilt opp til deg - din workation, dine valg!
Nokre attraksjonar du bør få med deg er blant anna Voss Gondol, Bordalsgjelet og Park Hotel sitt vinkart som blei kåra til både Norge og verdas beste i 2020.
Les også: Topp 7 familieaktivitetar på Voss
Møtefasiliteter på Voss
Få inspirasjon med workation på Voss!
Skal ein jobbe med strategi, ha workshop eller om teamet har eit nytt prosjekt på gang er det ikkje alltid at digitale møter er vegen å gå. Det vi kan anbefale er å ta gondolen opp til Hangurstoppen Restaurant og ha møtelokaler med god plass og panoramautsikt, 820 moh.
Vil du utfordre teamet ditt og bygge fellesskap bør de ta ein tur på elva med Voss Active, her vil de få kjenne både på adrenalin og samhold. Etterpå kan de jobbe frå Scandic Voss som har topp moderne møtefasiliteter som hybridmøter. After work tar de sjølvsagt på Haik, uteserveringa til hotellet.
Noko som verkeleg skapar god stemning og inspirasjon er å fly som supermann hjå Voss Vind. Sjekk ut bedriftspakkene deira her. Dette er ein heilt unik opplevelse og vindtunnelen er den einaste i heile Vestland.
Mat og drikke på Voss:
Lurar du på noko om Voss finn du sikkert svar i Den Store Vossaguiden, vår komplette guide til vår destinasjon.
Har du spørsmål om møterom eller treng ekstra tilrettelegging er det berre å ta kontakt med bedriftene direkte.