Wild Sauna, Voss
Korleis fungerer det?
Badstova har 8-drop in plassar. Viss du vil ha badstova for deg sjølv, kan du bestilla den privat. Vi tillèt maks 10 personar dersom du bestiller den privat.
Obs! Det tek 1-2 timar å varma opp badstova, avhengig av om ho har vorte brukt tidlegare på dagen, så det er lurt å bestilla i god tid.
Når du gjer ei bestilling, får du tilsendt ein kode som du kan bruka for å opna døra. Me sørgjer for at badstova er varm når du kjem, slik at du kan byrja opplevinga med ein gong. Badstova har eit lite omkledningsrom, og ein dusj. Du kan bruka toaletta i første etasje på Park Hotel, bruk inngangsdøra som er til høgre når du går ut frå badstova. Ver vennleg og pass på at du er tør og har på deg klede, dersom du går inn på hotellet.
Ver merksam på at badstova står på Park Hotels område og at område rundt vatnet er offentleg plass. Vis omsyn for hotellgjester, lokale og turistar ved å halda støynivå nede og å ta med deg søppel når du forlèt området.
Ver vennleg og les følgjande reglar og bettingelsar:
Det er ikkje tillate å opphalda seg i badstova utan ei gyldig booking. Kontrollar vil finnast og gjestar utan gyldig booking må betala ei bot på 2000 NOK.
Det er ikkje tillate med sko eller slippers inne i badstova.
Bruk av badstova er på eige ansvar. Wild Sauna Norway eller Park Hotel kan ikkje bli halden ansvarleg for feil, manglar eller konsekvensar.
Dersom du øydelegg badstova eller badstoveomnen vil du bli halden økonomisk ansvarleg.
Barn under 18 år har ikkje lov til å ta badstove utan vaksne til stades.
For hygeniske grunnar, vennlegast sitt på eit handkle.
Dersom du kjenner deg ukomfortabel, svimmel eller trøytt, forlat badstuerommet.
Hugs å drikk vatn før, under og etter tida i badstova.
For å forhindra å falla, ver forsiktig når du går inne i og rundt badstova. Spesielt i mørket. Golvet og bakken kan vera glatt.
Nye gjester kan komma etter deg, så vennlegast forlat badstova i tide.
Håpar du får ei fantastisk oppleving!