Vangskyrkja

Vangskyrkja

Vangskyrkja er bygd i 1271-77. Vangskyrkja er ei brukskyrkje med gudsteneste kvar sundag kl. 11.
Om sommaren er kyrkja open for turistomvising. Brosjyre med nærare informasjon kan ein få i kyrkja.

På heimesidene til kyrkjene på Voss, står følgjande om Vangskyrkja:
"På grunnen der kyrkja no står, stod det sannsynlegvis eit gudehov i den heidne tida. Då Olav Haraldsson vitja Voss på kristningsferda si i 1023, reiste han etter tradisjonen den store steinkrossen som står på prestegardsjordet sør for kyrkja. krossen var truleg den fyrste kristne samlingsstaden her. kong Olav har vel dessutan fått rive hovet og gjort avtale om kyrkje-bygging. Den fyrste kyrkja her var av tre, sannsynlegvis ei stavkyrkje. I eit kongebrev frå 1271 takkar Magnus Lagabøte vossingane for at dei byggjer steinkyrkje i staden for trekyrkje, etter råd frå far hans Håkon Håkonson, og han bed dei fullføra verket. Kyrkja var ferdig i 1277 og vart vigd til Sankt Mikael." 
Kjelde: www.voss.kyrkja.no

Tags
attraksjonar