Tid til å oppleva - Voss

Vinteren på Voss er noko heilt spesielt, og her finn du aktivitetar som passar for folk i alle aldrar. Om du kjem midt i veka, kan du oppleva vinterbygda nesten heilt for deg sjølv – medan alle andre er på jobb. 

Kva med å starta dagen med ein tur i nypreppa løyper på Hangurstoppen eller Myrkdalen? Etterpå kan du varma deg i Wild Sauna Voss si badstove, med utsikt over Vangsvatnet. Til slutt kan du runda av dagen med eit godt måltid basert på lokale råvarer. Hugs også å sette av litt tid til å utforska Voss Sentrum – her finn du mange butikkar med kvalitetsprodukt, alt i frå  klær, smykker, ski- og turutstyr til godteri og bakverk. 

Toget tek deg frå både Oslo og Bergen til sentrum av Voss, og stoppar like ved sentrumshotella, så det er enkelt å koma seg hit utan stress. 

damer med nisselue bader om vinteren

myrkdalen senior skiing

Les meir om kva du kan oppleva på Voss denne vinteren:

Langrenn i naturskjønne omgjevnader

Voss har mange område med preparerte langrennsløyper, som passar både for nybyrjarar og dei meir erfarne. På Hangurstoppen kjem du rett ut i løypene frå gondolen, og rundt Myrkdalen finn du eit variert terreng som er lett tilgjengeleg. Desse turane er perfekte for å nyta vinterlandskapet i ditt eige tempo.

Trugeturar med guide

Dersom du ynskjer å oppleva vinterlandskapet til fots, kan ein trugetur vera midt i blinken. Våre guidar tek deg med til populære turmål som Hanguren, Årmotslia i Myrkdalen, Raundalen og Mjølfjell, men kan også tilby turar akkurat det du måtte ynskja. Guidane kjenner Vossafjella godt og fortel gjerne om naturen og kulturen undervegs. Dette er ein fin måte å koma tettare på vinterlandskapet. Mange av turane inkluderar bålkos og litt servering. Her er det ikkje om å gjera å komma fyrst fram, men å nyta skogens ro.  

Slalom og alpint

På Voss finn du to av Noregs største alpine skianlegga! 
Med gondolen kjem du deg enkelt frå sentrum til skibakkane i Voss Resort. Her kan du kombinera vakker utsikt med aktivitet – uansett nivå. Du må faktisk ikkje vera skikøyrar for å nyta området; ta gondolen opp, unn deg ein kopp kaffi på Hangurstoppen Restaurant og berre nyt fjellroa. 

Myrkdalen byr på fantastiske løyper i alle vanskegradar. Myrkdalen Hotel ligg midt i eit mektig fjellandskap mellom aktivitetsbygda Voss og fantastiske fjordeventyr i Flåm, så om du vil kombinera fjord og fjell er Myrkdalen eit perfekt val. Bur i sentrum av Voss kan du ta skibussen gratis frå Voss stasjon til Myrkdalen. 

<% totalFilter %> filter applicerade

Fly med Voss Vind

Har du lyst til å prøva noko nytt? Hjå Voss Vind kan du få oppleva korleis det kjennest å fly, heilt trygt og innandørs. Den eldste som har flytt i vindtunnelen er 102 år! Dette er ei unik og morosam oppleving, som passar for alle.

Isbading og sauna

Kva med å utfordra deg sjølv med eit kaldt bad i Vangsvatnet, etterfulgt av ei varm og avslappande stund i sauna? Både Voss Vandrarheim, Scandic Voss og Wild Sauna Voss har sauna med utsikt mot Vangsen, medan Elva Hotel kan by på sauna og boblebad med utsikt mot Lundarvatnet. Du finn også ein fjellsauna i Myrkdalen, og snøen fungerar like til eit «bad» om vil kjøla deg ned. Sauna gir både energi og avslapping på same tid – perfekt etter ein dag ute i vinterkulda, eller som ein frisk start på dagen. 

Innandørs aktivitetar

Dersom vêret ikkje spelar på lag, kan du ta turen til Vossabadet for eit varmt bad eller ein symjetur. I Myrkdalen kan du utfordra gjengen i Shuffleboard, duckpin bowling og elektronisk dart. Hjå Voss Bowling og Leikeland kan du prøva ulike spel og aktivitetar, som gåterom, dart, biljard og sjølvsagt bowling. Her finn du noko for både store og små i familien. 

Tid til å utforska og slappa av

Uansett kva aktivitet du vel, er Voss ein plass der du kan nyta vinteren i ditt eige tempo. Kombinasjonen av flott natur, godt tilrettelagde aktivitetar, eit levande sentrum og mange gode restaurantar og kaféar gjer Voss til ein populær vinterdestinasjon.

Korleis vil du utforske vinterbygda Voss?

tre eldre personer klare for å fly i vindtunnelen til voss vind

hangurstoppen restaurant vinter