Slik får du bedre skøyteteknikk

Une kvelvane i aksjon under ein konkurranse i skiskyting

Foto: Emil Nyeng. Tekst: Une Kvelvane

I skøyting er det fleire delteknikkar. Dei som vert brukt mest er dobbeldans og padling. Dobbeldans går ein i lett terreng og slak motbakke. Padling går ein i bratt motbakke. 

Nederst kan du også lese om kva utstyr du treng for å begynne med skøyting. 

Dobbeldans

Nybegynnar: I dobbeldans er det viktig med god balanse. Når du står med god balanse over skien kan du sette mykje trykk på den skien som du har tyngda på. Dersom du har dårleg balanse og tyngda står mellom skia får du ikkje det same trykket ned i skien. Derfor er det lurt å trene på balanse. Ein spesifikk og god måte å gjere dette på er å gå utan stavar. Kjenn at du finner balansen på kvar ski før du går over på andre skien. Du kan gjerne pendle diagonalt med armane som når du går klassisk diagonalgang. Du kan òg sette armane på hofta for å kunne konsentrere deg om beinarbeidet. 

Erfaren: I dobbeldans er det viktig med spiss ankelvinkel for å få tyngdepunktet fram slik at du får utnytta tyngdekrafta og ikkje havnar bakpå. For å få til dette må du ha litt bøy i kneleddet, vippe bekkenet fram og tørre å sleppe deg frampå stavane. Tenk at du skal falle inn i stavtaket. Dersom stavane ikkje hadde vore der skulle du gått rett på trynet over skia. Eit godt tips for å få til dette er å trene staking. Når du får til stakinga kan du prøve å legge på et skyv med beina, og så koordinere isettet med stavane samtidig som skuvet startar. 

 

Padling

Nybegynnar: I padling er det viktig med koordinering av skyv og stavtak. Dersom du har høgre hengarm skal du sette stavtaket samtidig som du skyv med høgre ski. Når du har skjøve deg over til venstre ski dreg du stavane opp igjen samtidig som du skyv med venstre ski. I det du har fullført skuvet med venstre ski skal stavane vera oppe i fremre posisjon og klar til å starte eit nytt stavtak og eit nytt skyv med høgre ski. I padling har du altså eitt stavtak og to beinskyv, mens du i dobbeldans har eitt stavtak på kvart skyv.

Erfaren: I padling er det viktig å stabilisere med magen. Overkroppen skal holdast stabil over den skien som du har trykk på. Derfor er det viktig å stå i mot med magen. Slik kan du få brukt kreftene i fartsretning i staden for at dei forsvinn til sidene. I padling er det også viktig å ha spiss vinkel i ankelleddet for å ikkje hamne bakpå, spesielt i dei bratte motbakkane. For å få til dette må du ha litt vinkel i kneleddet og skyve deg dynamisk over frå side til side. Eit tips for å kjenne at du skyv riktig er å gå utan stavar. Då merker du raskt kva som gir fart på skiene. Prøv å ha mest mogleg kontinuerlig skyv frå side til side, slik får du flyt på padlinga. 

 

Utstyr

Det du treng for å kunne skøyte er skøyteskisko, skøyteski og skøytestavar. 

Skøyteskisko bør vera stabile og ha god støtte rundt ankelen for at det skal vera lettare å halde balansen. Det kan derfor vera lurt å prøva ulike merker slik at du finn ut kva som passar din fot. 

Skøyteski bør ha gode og skarpe kantar. Med tanke på type ski kan det vera lurt å velje ein mediumski, ettersom at dei fungerer stort sett på alle type skiføre. Skilengda bør vera om lag 10-20cm lengre enn eigen kroppshøgd. Spennet i skien bør vera rundt din kroppsvekt eller opp til om lag 10-15kg ekstra. Det er også viktig med ein god binding som passar til skiskoa.

Skøytestavar bør vera om lag 15-20cm kortare enn eigen kroppshøgd. Dei bør ha ein vanleg trinse og gode stavstroppar som er i riktig størrelse. 

Ekstra utstyr

Nybegynnar: Det kan vera lurt å vedlikehalde gliden på skia. For dei som ikkje vil gjera det for avansert held det med ein glidewax-spray og ein bronsebørste. 

Framgangsmåte: Då sprayar du glider på skia og lar det stå i ca 10min, før du børster av frå tuppen og bakover i lengderetning. Børst minst 10 gonger. Dette bør gjerast etter ca 30-40km for å ha grei glid. Dersom det er ei veke eller meir mellom kvar skitur bør du leggje på glider etter skituren og la skia stå med glider fram til neste skitur. Deretter børstar du skia rett før skituren.

utstyr skøyting

Erfaren: For dei ekstra som vil gjere litt ekstra kan vera lurt å ha ein skirens og fiberlene for å kunne rense skia, dersom snøen er skitten. Vidare treng du eit smørebord med smøreprofil, smørejern, glidewax, skrapeutstyr og bronsebørste.

utstyr til skøyting

Framgangsmåte: Sett skia fast i smørebordet. Rens skia med å spraye skirens på fiberlene og vask skia med fiberlene. Tørk av med reint fiberlene etterpå. La det stå i minst 5min slik at skia blir tørr. Så varmar du opp smørejernet og varmar inn glider ved å smelte det inn i smørejernet samtidig som du drypp glider over skia. Deretter stryk du smørejernet over skia slik at glideret smeltar og det blir et tynt lag over skisålen. Ikkje trykk smørejernet for hardt og la aldri smørejernet stå i ro når du stryk det over skia. Då risikerer du å brenne skisålen. Stryk smørejernet i moderat tempo, bruk ca 10sek over skien. Gjer dette totalt 3 gonger i lengderetning. Deretter lar du skia stå i minst 20min. Deretter bruker du det røde skrapeutstyret til å skrape vekk glider i midtrannen og på sidene av skia. Vidare bruker du den gjennomsiktige skrapen til å skrape over skia. All skraping gjerast frå tuppen og bakover i lengderetning. Når du ikkje greier å skrape vekk meir glider, bruker du børsten til å børste vekk restane. Børst over skia ca 20 gonger i lengderetning. Ikkje bruk for mykje kraft.