Restaurant Seckman, Fleischer's Hotel Voss
I restauranten vår Seckman byr me på fine dining. Menyen varierer i samsvar med årstid og me serverer det beste som kvar sesong har å by på.
Open kvar dag heile veka for førehandsbestilte selskap over 10 personar.
Me gjer merksam på at restaurantane og barane våre er kontantfri sone, så me oppmodar gjestene våre til å betala med kort. Dersom du må betala med kontantar, er det mogleg i resepsjonen vår.
La oss vera vertskap for selskapet ditt!
Ønskjer du å eta i ein privat setting, eller feira jubileum eller konfirmasjon i eige lokale? Då er Seckman eit svært godt val. Private middagsselskap i Seckman er veldig populære, så det gjeld å vera tidleg ute med bestilling.
For tilgjengelegheit, menyar og prisar - ver vennleg og kontakt oss i dag for eit tilbod!
Telefon: +47 56 52 05 00. E-post: [email protected]
Velkommen!