Packrafting - halv dag, med Kayak Voss
Denne morosame og guida halvdags turen vil ta deg med på ei eventyrleg oppleving nedover det klare vatnet til Voss si vakraste elv. Det er ein enkel og roleg tur der hovudmålet er å ha det kjekt! Elva er turkis og heilt klar så her kan du sjå heilt ned på elvebotnen, nesten heile turen.
Vi byrjar turen med å gjere deg kjent i packraften din og i vatnet. Vi vil forklare deg dei mange
av eigenskapane elva har og lære deg korleis du kan bruke dei til å manøvrere packraften din enklare. Du vil læra grunnleggjande teknikkar du treng for å få deg og båten din til å flyte fint nedover elva.
Det vil vera ein erfaren instruktør med på heile turen, som passar på. Dei vil sikre tryggleiken din til ei kvar tid, slik at du kan slappe av, nyte den fantastiske naturen og glede deg over å læra packrafting ned små stryk.
Dette elvestykket er perfekt for nybyrjarar, og ingen tidlegare erfaring er påkravd.
Vanskegrad: Enkel
Aldersgrense: 12+
Erfaring: Ingen tidlegare erfaring er påkravd
Krav: Alle deltakarar må vere trygge og dyktige svømmarar
Tidsramme: 3-4 timar
Inkludert: Instruksjon, utstyr og transport om nødvendig
Kva du skal ta med: Lett ull eller ullundertøy å ha under våtdrakta/tørrdrakta
Kva du ikkje skal ta med: Verdisaker, inkludert lommebøker, kamera, telefonar, briller eller solbriller.
Møtestad: Kayak Voss, Flyplassvegen 135
Tid: Kl. 09.00 eller 14.00
Kostnad: 1500 NOK
Vi vil gjere vårt beste for å gi deg nokre bilete frå turen!
Om du treng meir informasjon eller har spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt med oss:
[email protected]
+47 46 29 79 37