Visit Voss gjer ein felles innsats for å bygge merkevara «Voss» og å løfte fram Voss som destinasjon. Visit Voss jobbar med dei områda som er vanskeleg for kvar enkelt bedrift å finne tid til.
Fokusområde no er å auke besøk i skuldersesongen, få besøkande til å bli lenger og å nytte seg av fleire kultur- og aktivitetstilbod i bygda.
Som medlem får du:
- Presentasjon av verksemda på visitvoss.no.
- Synlegheit av verksemda på Visit Voss sin Facebook og Instagram konto.
- Promotering av verksemda via Visit Voss sin digitale marknadsføring på t.d. Facebook, Google Ads, You Tube, Instagram ++.
- Moglegheit for sal av aktivitetar og å stille ut brosjyrar eller anna marknadsmateriell i turistinformasjonen.
- Synlegheit av verksemda på fjordnorway.com og visitnorway.com.
- Visit Voss er medlemmene sitt talerøyr inn mot reiselivsavdelinga i fylkeskommunen, Innovasjon Norge reiseliv, Fjord Norge, Voss Herad med fleir.
- Tilbod om deltaking på ulike kampanjar og publikasjonar som samarbeidspartnarar står for.
- Ein partnar og pådrivar innan berekraft. Miljøfyrtårnsertifisering.
- Tilgang til felles kompetanseheving gjennom prosjekt Vossavert.
- Mogelegheit til å vera med på nye prosjekt t.d. samarbeid med Visit Hardanger og sentrumsbedriftene.
- Reiselivsfagleg sparringpartnar og støtte i ulike saker.
Presentasjon og visning av di bedrift gjennom våre aktivitetar, som:
- Aktivt påverknad ovanfor media/presse – lokalt, nasjonalt og internasjonalt
- Visningsturar o.a. for agentar, turarrangørar, reiseselskaper og opinionsdannarar
- Tilrettelegging for tv-selskap og produksjonsselskap som vil gjere innspelingar på Voss
- Sal og marknadsføring av regionen som ein heilskap, gjennom ein rekkje kanalar
- Samarbeidspartnar i utvikling av gode og unike produkt
- Arrangør av kurs og kompetansehevingstiltak i samarbeid med andre aktørar. Medlemsmøte og liknande arrangement med fagleg påfyll og møte med kollegaer i bransjen
Sjå lista over alle som er medlem i Visit Voss her.
Vil du bli medlem? Send ein e-post til [email protected], så tek me kontakt.