Voss
Konferanse/Teambuilding på Hangurstoppen, på Voss
Hangurstoppen Restaurant, lokalisert på 820 moh, har møte- og konferansefastilitetar for omlag 50 personar. Vegen til møterommet er spektakulær i seg sjølve; her tar du gondolbane for å kome deg opp og ned!
Ynskjer du å kombinera det faglege med aktivitetar og natur er Hangurstoppen eit godt val. Rett utanfor finn du Noregs beste skiterreng vinterstid. Sommarstid har ein tilgang til flotte turstiar, mellom anna ein 800 meter lang rundttur som er tilrettelagt for alle. Eit flott pausealternativ om ein ynskjer å lufte seg mellom slaga.
Dagpakke konferanse, inkluderer:
2-rettars lunsj
Møterom og utstyr
Kaffe og frukt heile dagen
Ein pause med bakevarer
Gondol tur/retur
Dagskort på ski
Ta kontakt med Voss Resort om du ynskjer andre arrangementspakker som kick-off, møte, teambuilding eller berre noko sosialt.