Voss
Fersking-fredag, topptur med Wild Voss
Skal du ut på topptur for første gong? Kanskje du akkurat har kjøpt nye toppturski og treng litt hjelp til å bruka utstyret rett? Er du usikker på kvar du finn ein passeleg lang og trygg tur, nær Voss? På ferskings-fredag får du vera med på ein rimeleg, lågterskel topptur der du får grunnleggjande tips og råd.
Kjensla av å setja svingar i djup, urørt laussnø i vakkert fjellterreng er uslåeleg. Å meistra skiteknikk, forhold og terreng gir ekte turglede. Me unner alle den kjensla! Me håpar at dette turtilbodet kan hjelpa deg på vegen dit.
Det er ikkje uvanleg at den første toppturen blir ein blanda fornøyelse og ikkje heilt vellykka. Handtering av utstyr, vegval, kledning og skiteknikk er nokre av utfordringane som møter deg. På denne turen sørgjer me for at du unngår nokre av fallgruvene, slik at du blir inspirert til fleire flotte toppturar.
Med kompetent og sertifisert instruktør frå Wild Voss får du ein trygg og god start på toppturkarrieren!