Travel like the locals - Syse gard i Ulvik
Travel like the locals - cider i Ulvik
Travel like the locals - blomstring i Hardanger
Travel like the locals - epleplukking i Hardanger
Travel like the locals - Ulvik i Hardanger
Travel like the locals - Skjervsfossen i Granvin
Travel like the locals - Ulvik i Hardanger

Besøk vakre Ulvik - "Reis som dei lokale"

Rundtur med kollektiv transport: Voss - Ulvik - Granvin - Voss

Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller – på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eigen hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

______________________________________

Denne turen tek deg til bygda Ulvik, også kalla perla i Hardanger. Ulvik ligg inst i Hardangerfjorden, mellom høge fjell og snødekte toppar. Du kjem til bygda etter omlag ein time med buss frå Voss, og du får god tid til å utforske plassen.

Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik. Ruta går langs tre gardar i bygda – Lekve, Syse og Hakastad, og alle byr på eigenprodusert sider og andre velsmakande gardsprodukt. Ta deg ei lyrisk vandring i Olav H. Hauge-senteret eller nyt roen langs fjorden.

Om sommaren og hausten er det flott å vandra i fjella, på godt merka turstiar. Du kan også utforske bygda på sykkel eller frå ein kajakk på fjorden. Besøk turistinformasjonen i bygda, der du i tillegg til god informasjon, får kjøpt lokalproduserte varer.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Map