Photo:
Erica Clapp
Badeplass på voss

Den store badeguiden

Voss har så mange gode badeplassar som du kan nyta om sommaren (og resten av året, om du vil)! Her er våre utvalde tips til dei aller beste plassane.

NB! Elva forandrar seg frå dag til dag. Ta eigne vurderingar av korleis vatnet ser ut, kvar straumen går og kor fort den går. Ein må berre bada når vasstanden er låg - ikkje hopp uti om du er usikker. Ikkje bad aleine. Bading skjer på eige ansvar. 

Vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer, søppel og do-besøk. Ikkje blokker ein vegstubb eller parker framfor traktor/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun/på private områder

Fjord, vatn og elv:

Voss er omringa av fleire vatn som kan koma opp i veldig god temperatur på sommaren! Perfekt for deg som ynskjer ein avslappande badetur i naturskjønne omgjevnader. I dei mange elvane som omkransar Voss har det forma seg jettegryter og kulpar som er veldig spennande å ta seg ein dukkert i. Her får ein kjenna på naturkreftene, og litt kaldare badetemperaturar enn i innsjøene. 

Vangsvatnet

Vagnsvatnet bading

Om plassen:
Dette er utvilsamt den mest tilgjengelege badeplassen om du er på Voss - berre fem minutt å gå frå handlegata på Vangen. Lang badestrand, og flott friluftsområde med skog og stier like bak badestranda. Langgrunt dei fleste plassar, men ytterst på stranda er det fleire plassar ein ikkje treng å gå langt for å legge på svøm. 

Korleis koma seg hit:
Køyr eller gå til fots til Voss Camping.

Granvinsfjorden

Bading granvin

Om plassen:
I Granvin kjem du til fjorden. Du kan finne mange badeplassar langs fjorden, men i Granvin sentrum er det tilrettelagt med badestrand, brygge, leikeplass og grillplassar. Her får du nyedeleg utsikt og ein kjekk badeplass for store og små. 

Korleis koma seg hit:
Køyr frå Voss Sentrum, på Hardangervegen, mot Granvin. Ta av mot Granvin, etter ca 25 km. Etter du har passert Coop butikken i Granvin sentrum, tek du av til venstre og følger vegen til høgre. Følg Eidesvegen ned mot fjorden til tilrettelagt parkering. 

Oppheimsvatnet

Badeplass Oppheimsvatnet

Om plassen:
I Haugsvike finn du ein tilrettelagt badeplass med ei koselig lita strand. Plusspoeng for topp utsikt og flytande hoppetårn!

Korleis koma seg hit:
Med bil: Køyr frå Voss på E16 i retning Oslo. Etter kring ein halvtime (i 60-sona mot slutten av Oppheimsvatnet) kjem det skilt mot Vasstrondi til høgre. Ta inn her og fylg vegen nokre hundre meter bort til badestranda. Her finn du også nokre parkeringsplassar langs vegen.
Med buss: Ta buss nummer 950 eller 4500 til Haugsvik. Fylg beskrivelsen over og gå til badestranda til fots (kring 10 minutt).

Vetlavatnet

Vetlavatnet bading, Voss

Om plassen:

Vetlavatnet er nesten alltid den varmaste innsjøen på Voss om sommaren. Her finn du ein koseleg liten badestrand, nokre svaberg ein kan liggja på, og ein benk. Nydeleg utsikt mot både Gråsida og Lønahorgi!

Korleis koma seg hit:
Med bil: Køyr frå Voss og mot Oslo på E16 til du kjem til Tvindefossen. Ta inn til høgre mot Nesheim og golfbanen og køyr kring ein kilometer. Når du har Hefte Gard (stort, kvitt hus) på venstresida tek du til høgre på ein veg som går inn til ein liten parkeringsplass. Fylg stien ned til vatnet.
Med buss: Ta buss nummer 950, 970 eller 4500 til Tvinno. Fylg vegbeskrivelsen over og gå til badestranda til fots (kring 20 minutt).

Valbergstjørni

Valbergstjørni, Voss

Om plassen: 
Nydeleg lite fjelllvatn ved Røde Kors-hytta på Hanguren. Her kan du kombinera fjelltur og badetur og gå akurat så langt som du vil. Frå Hangurstoppen finn du fotturar på alt frå 3 km til 16 km! Frå Hangurstoppen/toppstasjonen til Voss Gondol går det ei T-merka rundløype på 3 km rundt vatnet. Frå vatnet har du flott utsikt mot Lønahorgi! Her er det også tilrettelagt med badebrygge og livredningsbøye. 

Korleis koma seg hit:
Ta gondolen til Hangurstoppen, eller gå til fots til Hangurstoppen frå Voss folkemuseum. Til fots må du rekna eit par timar opp. Frå toppen følger du skilta til 
merka rundløype på 3 km (Grebbesløypa). Denne stien tek deg bort til vatnet.

Demmo/Monsvatnet

Bading på Demmo, Voss, foto Therese Leid

Om plassen:
Flott badeplass like ved Flatlandsmo Camping som har noko for alle og ein kvar. Badetsranda med brygge like ved campinghyttene er midt i blinken for barnefamiliar. Fem minutt unna til fots finn du hoppetårnet, der dei tøffaste kan prøva seg frå både 7-meteren og 12-meteren. På andre sida av vatnet er det også laga til ei sklie. For å koma hit må du parkera ved industriområdet på Istadmyrane.

Korleis koma seg hit:
Med bil: Køyr på Rv13 frå Voss og mot Granvin i kring 15 minutt, til du ser skilt mot Flatlandsmo Camping. Parker på campingen (20 kr).
Med buss: Ta buss nummer 925 eller 990 til Flatlandsmo. Gå gjennom campingplassen og ned til badestranda.

Evangervatnet

Bading i Evangervatnet, Voss

Om plassen:
Evanger er ei sjarmerande lita bygd, kun 15 minutt med bil frå Voss. Og her er det sjølvsagt også eit vatn du kan bada i! Perfekt om du er på ei lita utflukt utanfor Voss sentrum. Evangervatnet har fleire badeplassar, og her har me valt ein liten badestrand på sørsida av vatnet.

Korleis koma seg hit:
Med bil: Køyr på E16 frå Voss og i retning Bergen i kring 20 km, til du kjem til Evanger. Ta til venstre mot Evanger stasjon frå E16. Køyr forbi stasjonen og fylg vegen vidare (parallelt med E16) i nokre hundre meter til du kjem til ei parkeringslomme på høgre hand. Her finn du ein liten badestrand nede med vatnet.
Med tog: Ta lokaltoget frå Voss mot Bergen, og gå av på Evanger. Fylg beskrivelsen over og gå til badeplassen til fots (kring 15 minutt).

Tangen, Bolstad

Fjorden ved Tangen, Bolstad

Om plassen: 
Tangen friluftsområde på Bolstad har både volleyballbane, frisbeegolf, mini-ballbinge og ikkje minst badestrand. 

Korleis koma seg hit: 
Ta toget til Bolstad stasjon, frå Voss eller Bergen. Gå langs Naustvegen i retning vest (i motsatt retning av brua). Etter eit lite stykke deler vegen seg i to. Følg vegen som går oppover langs E16, før den svingar nedover mot fjorden att. 

Bakka, Gudvangen

bading på Bakka, Gudvangen

Om plassen:
På Bakka har Wild Sauna Norway opna ei nydeleg badstove, like ved kyrkja. Badstova ligg på brygga og like ved ei lite strand - her kan du både hoppa i fjorden eller gå roleg uti. 

Korleis komma seg hit:
Følg E16 mot Oslo, heilt til Gudvangen (ca 50 min). Like før du kjem til Gudvangen og Vikingelandsbyen tek du av mot Bakka, på Fv241. Køyr ca 10 min mot Bakka, til du kjem til kyrkja. Gå langs vegen ned mot fjorden, her vil du sjå badstova.

Bordalsgjelet

Bading i Bordalsgjelet, Voss

Om plassen:
På nedsida av brua ved den populære turistattraksjonen Bordalsgjelet er det ein kulp som egnar seg fint for bading om vasstanden er låg. Denne badeplassen er for dei aller tøffaste, som har lyst på ein skikkeleg fin naturoppleving i friskt og kaldt vatn.

Korleis koma seg dit:
Badeplassen ligg på nedsida av bilvegen, til høgre før du kjem til brua som går over Bordalsgjelet. Her går det ein tilrettelag sti ned til eit lite utsiktspunkt. Til høgre for dette utsiktspunktet kan ein klyva ned til kulpen. Kun for dei sprekaste! 

Smilekulpen, Mjølfjell

Bading på Mjølfjell, Voss

Om plassen:
Smilekulpen er ein nydeleg kulp i Raundalselva, med krystallklart vatn og lett tilgjengeleg frå vegen. Ved låg vassføring kan ein også klatra litt oppover elva, under brua. Me anbefalar å ta ei overnatting på 
Kårdal Fjellstove slik at du får god tid til å utforske område. Mjølfjell er eit svært fint område med mange tur og bademoglegheiter. Er du usikker på kvar du skal begynne - ta kontakt med Wild Voss for å få eigen guide med på turen. 

Korleis koma seg dit:
Med tog: Ta toget frå Voss til Ljosandbotn. Gå nedover bilvegen til du kjem til ein større parkeringsplass. Smilekulpen ligg til høgre, rett nedandfor brua. Dette er det klart beste alternativet, då bilvegen hit er smal og ganske dårleg.
Bil: Køyr oppover Raundalsvegen mot Mjølfjell. Følg Raundalsvegen og Kleivavegen i kring 30 km. Når du kjem til ein stor parkeringsplass på venstre sida av vegen (der turstiane mot Ljosandalen startar) er du framme. Kulpen er på nedsida av vegen, under brua du nettopp har køyrd forbi.

The Swim Guide

Voss is full of good spots where you can go for a swim during summer (and winter, if you like)! These are our top recommendations:

Warning! The river changes from day to day. Make your own assessment of what the lake looks like, where the current goes and how fast it goes. You should only swim in the river when the water level is low - do not jump in if you are unsure.

Do not swim alone. Swimming is at your own risk.

Show consideration for permanent residents, especially with regards to parking, rubbish, and toilet visits. Do not block a road or park in front of the tractor/car of the local farmer. Ask before parking on private property.

Lakes and fjords:

Voss is surrounded by lakes that can reach quite comfortable temperatures in summer! Perfect if you want a relaxing day in beautiful surroundings. 

Lake Vangsvatnet:

badeplass på voss, vangsvatnet  vangsvatnet, badeplass på voss  sup på vangsvatnet
Photo: Karoline Fosse

 

About the spot: 
This is without a doubt the most accessible place to go swimming, in the town centre of Voss – only a five-minute walk from the shopping streets. The beach stretches all around the bay and is mostly shallow, except for at the far end. Behind it is an outdoor recreational area and a great park with an outdoor gym, a pump track, and a concrete skate park. 

How to get there:
Drive or go by foot to Voss Camping.

Along the fjord in Granvin

stuper uti granvinsfjorden   dame ser på granvinsfjorden, med fossefall
Photo: Karoline Fosse

Drive about 25km from Voss, towards Granvin. In Granvin you come to the fjord. From here you can drive along the fjord and there is a good spot at almost evert turn. So many good places to choose from.

 

Lake Oppheimsvatnet, Haugsvik:

Haugsvik

About the spot:
In Haugsvik you will find an accessible swimming spot with a nice beach. This spot gets extra points for great views and a floating jumping tower!

How to get there:
By car: Drive from Voss towards Oslo on E16. After about half an hour (in the 60 kph zone towards the end of the lake) you reach a sign towards Vasstrondi to the right. Exit here and follow the road a few hundred metres to the beach. You will also find a few parking spots along the road. 
By bus: Take bus number 950 or 4500 to Haugsvik. Follow the instructions above and walk to the beach (about 10 minutes). 

Lake Vetlavatnet:

vetlavatnet  vetlavatnet

About the spot:
Vetlavatnet is almost always the warmest body of water in Voss, in the summer. The area is very cozy and perfect for families, it has a tiny beach, some rocks you can lie on, and a bench. You also get a fantastic view of both Gråsida and Lønahorgi!

How to get there:
By car: Drive from Voss towards Oslo on E16 until you reach Tvindefossen. Exit to the right towards Nesheim and the golf course and drive approximately 1 kilometre. Make a right onto a gravel road that leads to a small parking lot. Follow the trail down to the lake. 
By bus: Take bus number 950, 970 or 4500 to Tvinno. Follow the instructions above and go by foot to the beach (about 20 minutes).

Valbergstjørni:

bading på hangurstoppen
Photo: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media

About the spot:
A beautiful little mountain lake by the Red Cross cabin on mount Hangur. This is the perfect spot to combine both mountain hiking and swimming. From the top station at the gondola there is a marked trail that goes to the lake. From the lake, you have a beautiful view of mount Lønahorgi!

How to get there:
Get the gondola to Hangurstoppen, or hike from Bavallen or Voss folk museum. If you go by foot you must take into consideration that it will take you about an hour to get to the top. 

Demmo/Monsvatnet:

demmo  demmo
Photo: Karoline Fosse

About the spot:
Great swimming spot just by Flatlandsmo Camping that offers something for everyone. The beach and pier, just by the cabins, are perfect for families with kids. A five-minute walk out you will find the jumping tower, where the bravest can try jumping from both 7 and 12 metres. On the other side of the lake there is a slide. To get to the slide you have to park by the industrial area in Istadmyrane.

How to get there:
By car: Drive on Rv13 from Voss towards Granvin for about 15 minutes until you see signs towards Flatlandsmo Camping. Park at the camping site (20 NOK). 
By bus: Get bus number 925 or 990 to Flatlandsmo. Walk through the camping site down to the beach.

Lundarvatnet:

Lundarvatnet  Lundarvatnet

 

About the spot:
A great spot if you want to be by yourself, just a five-minute drive from the Voss town centre. You can enjoy the view of mount Gråsida and Lønahorgi while you are splashing around in the water.

How to get there:
By car: Drive to Skulestadmo, and exit by the Coop EXTRA store, following signs towards Nesheim. Just after you pass the rafting centre (Voss Active), take a right onto a gravel road. After passing a few houses, you will find a small parking lot. From here you can follow the trail alongside the lake, and go swimming somewhere you find suitable. 
By bus: Get bus 950, 970 or 4500 to Skulestadmo. Follow the instructions above and reach the spot by foot (approximately 15-20 minutes).

Evangervatnet:

Evangervatnet

About the spot:
Evanger is a charming village in Voss county, just 15 minutes outside Voss town centre by car. And of course, they also have a lake you can swim in! This spot is perfect if you are on a small excursion outside the centre of Voss. The Evanger lake has several swimming spots. In the photo above we have chosen a small beach on the south side of the lake. In Evanger you can find Evanger Landhandleri (small shop), Rongahuset Café and pub, lots of benches and a beach. 

How to get there:
By car: Drive on E16 from Voss towards Bergen for about 20 minutes until you reach Evanger. Take a left towards Evanger station on E16. Drive past the train station, and follow the road (parallel to E16) for a few hundred metres until you reach a parking pocket on the right side of the road. Here you will find a small beach down by the lake.
By train: Get the local train from Voss towards Bergen, and disembark the train at Evanger. Follow the instructions above and go to the swimming spot by foot (about 15 minutes). 

Rivers and pools

In the many rivers around Voss natural pools have been formed over time, many of which are very exciting to swim in. You get to experience the power of nature, and a bit cooler temperatures than in the lakes. 

Bordalsgjelet Gorge:

Bordalsgjelet  bading i elv på voss  Bordalsgjelet
Poto 1 and 2: Visit Voss. Photo 3: Therese Leid

About the spot:
Below the river by the popular natural attraction Bordalsgjelet there is a pool perfect for swimming if the water levels are low. This spot is for the toughest swimmers, that are keen to experience a nice nature experience in refreshing cold water.

How to get there:
The swimming spot is located below the road, to the right before you reach the bridge over the gorge. There is a trail down to a viewpoint. To the right of this viewpoint, you can climb down to the pool. Only for the more adventures!

“The Smiling Pool” (“Smilekulpen”) in Mjølfjell

Smilekulpen

About the spot:
A swimming spot guaranteed to make you smile! This is a gorgeous natural pool in Raundalselva with crystal clear water, easily accessible from the road. The rocks on the side are great to jump from. If water levels are especially low you can climb up the river, under the bridge. We recommend spending a nigth at Kårdal Mountain Lodge to give yourself enough time to explore the area. Mjølfjell is a great place to enjoy the Norwegian mountains, hikes and swimming. If you are unsure about where to start - contact Wild Voss to get your own guide!

How to get there:
Train: Take the train from Voss to Mjølfjell. This is the easiest and best alternative as the road is quite narrow and old. 
Car: Drive from Voss and up Raundalsvegen towards Mjølfjell. After approximately 30 kilometres you will reach a sign towards “Mjølfjell station”. Drive past this sign and continue on a few kilometres until you reach a large parking lot on the left side of the road (where the trails to Ljosnadalen begin). The pool is below the road, under the bridge. 

"Gryto" in Vinje:

Gryto

About the spot:
In Vinje you can experience nature’s own bubble bath. This pool is more than 4 metres deep, and it is possible to jump from several spots. Just behind the pool (further down the river) you can find a more appropriate swimming spot for children where the water is more shallow. 

How to get there:
Follow E16 from Voss to Vinje. Drive straight through the roundabout in Vinje and park by the church. The swimming spot is located around 500 metres away from the roundabout, on the right side of the road, behind a white house. Follow a trail to the right of a bride to get to the river pool. 

 

Have a nice swim, and remember to take your rubbish with you when you leave! :-)