Merket for berekraftig reisemål
I 2021 fekk Voss merket for berekraftig reisemål gjennom Innovasjon Norge sin merkeordning. Hausten 2024 vart me remerka for tre nye år. Merkeordinga og Voss sin reiselivsstrategi forpliktar Voss til å jobbe kontinuerleg med sosial, økonomisk og miljømessig berekraft.
Merkeordninga legg vekt på dei ti prinsippa for eit berekraftig reiseliv:
Bevaring av natur, kultur og miljø:
Kulturell rikdom
Naturmangfold
Klimautslipp og -tilpasning
Rent miljø og ressurseffektivitet
Styrking av sosiale verdier:
Lokal besøksstyring
Lokal livskvalitet og engasjement
Jobbkvalitet for reiselivsansatte
Gjestetilfredshet, trygghet og opplevelseskvalitet
Økonomisk levedyktighet:
Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reisemål gjennom lokal verdiskaping
Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsbedrifter
Les meir om merket for berekraftig reisemål her.
Innbyggjarundersøking
Som ein del av berekraftsarbeidet gjennomfører Visit Voss annankvart år ei innbyggerundersøking. Her tek me temperaturen på kva vossingane tykkjer om turismen i bygda.
Positive sider oppsummert
Utfordringar oppsummert
Undersøking fekk om lag 1200 svar både i 2022 og 2024, og me får eit godt bilete på kor skoen trykker knytt til turismen. Det er gledeleg at 77 % av vossingane er positive til reiselivet, og ser verdien i form av arbeidsplassar, eit levande sentrum og mangfaldig aktivitetstilbod. Det er ein svak nedgang i tilfredsheit med turismen frå 2022 til 2024, og det vert peika på utfordringar med mellom anna auka bustadprisar, slitasje i naturen, køar og trafikkfarlege situasjonar og utfordringar i ulike pressområde.
Les resultata frå undersøkingane her:
Innbyggjarundersøking 2024
Innbyggjerundersøking 2022
Destinasjonsleiing
Destinasjonsleiinga skal vera ein pådrivar og bidragsytar for å gjennomføra reiselivsstrategien. For å styrka arbeidet med Voss sin reiselivsstrategi og ta betre vare på natur og lokalbefolkning vart det i 2024 satt saman ei formell destinasjonsleiing.
Destinasjonsleiinga er leia av Voss herad, og har mellom anna ansvaret for å jobba fram gode løysingar på dei utfordringane me ser med turismen. Destinasjonsleiinga er satt saman av eit breit utval aktørar i reiselivsnæringa, bondelag, grunneigarlag, turlaget med fleire.