Sykkeltur til Hangurstoppen 

Oppdag Hangurstoppen på sykkel, og nyt ein dag med aktiv moro og fantastisk utsikt over Voss, slik deltakarane i Kompani Lauritzen gjorde. Denne sykkelturen er den perfekte måten å kombinera fysisk aktivitet med flotte naturopplevingar.

Om du ikkje har med deg eigen sykkel anbefalar me at du startar i sentrum av Voss. Her kan du enkelt leiga sykkel frå lokale leverandørar som Bike the Fjords eller Outdoor Norway. Begge tilbyr eit bredt utval av syklar som passar alle nivå og behov, inkludert el-syklar som gir eit lite ekstra dytt opp bakkane.

 

Kompani Lauritzen på sykkeltur mot Hangurstoppen

Frå sentrum til Hangurstoppen er det ca 9 kilometer. På vegen syklar du forbi mange flotte utsiktspunkt og landskap. Me anbefalar å ta ein stopp langs Bavallsvegen for nyte utsikta mot Lundarvatnet. Når du nærmar deg målet, vil du merke at stigninga blir litt brattare, men utsikten som ventar på toppen er verdt kvart pedaltråkk.

Vel framme på Hangurstoppen kan du parkere sykkelen og nyte panoramautsikta over Voss. Hangurstoppen er også startpunktet for mange andre utandørsaktivitetar. Ved Valbergstjørnet er det flott å ta seg ein dukkert og på Hangurstoppen Restaurant kan du få deg ein velfortent matpause.

Sykkelrute frå Voss sentrum til Hangurstoppen

 

Etter ein aktiv dag, kan du fint ta raskaste retur til Voss sentrum – med gondolen!

Avslutt dagen med ein velfortjent middag på ein av dei lokale restaurantane. Tips kan du finna i vår Restaurantguide.

Ta med familie eller venner for ein uforgløymeleg dag i Kompani Lauritzen sine hjulspor!