Storåsen, Voss 

Storåsen er eit populært turområde på Voss. I årets sesong av Kompani Lauritzen kan du sjå deltakarane utforska Storåsen, under øvinga «Feltdøgn». På veg opp får du flott utsikt mot Voss sentrum, før du går inn i skogen.

Det er anbefalt å parkera ved Palmafossen Idrettsplass/inngangen til Bømoen. Herifrå kan du også køyre/gå inn til leiren og sjå kvar deltakarane i Kompani heldt til, medan dei er på Voss.

For å komma til Storåsen føl du vegen tilbake forbi idrettsplassen. Deretter tek du Rykkesvegen gjennom bustadfeltet og over toglinja. Ta til venstre og følg Tvildesvegen, til du kjem til den første garden. Her er det skilta mot Storåsen.

Kompani Lauritzen i Storåsen

Turen startar på ein bratt traktorveg og føl i Kompani Lauritzen sine fotspor, mot toppen av åsen. Det er mange ruter å velje mellom, i ulik lengd og med ulik retur, så her kan du plukka ein tur som passar deg! Det kan vera dyr på beita i Storåsen. Hugs å lukka alle grinder og portar etter deg.

I Storåsen finn du eit nettverk av tur- og sykkelstiar. Nokre av turane går igjennom naturreservatet Håamyrane, eit unikt myrområde med gammal furuskog.

NB! Vis omsyn til dyreliv og ha hunden i band. Hald deg til stiane og dei merka turane. Det er ikkje høve til å parkera ved startpunktet på Gjerdåker.

Kart for parkering og startpunkt
(trykk her eller på kartet for å sjå i Google Maps):

Storåsen, kart over parkering og startpunkt